Føreord av bygdeboknemnda 

Det heile starta med at kulturutvalet i Aurland i 1993 tok opp tanken om vidareføring av Bygdebok for Aurland. Anders Ohnstad hadde skrive gardssoge for hovudsoknet i tre band, og meinte at andre burde overta. Då Svein Indrelid vart spurd om han kunne tenkja seg å skriva ”Flåmsoga”, svara han straks ja!  Aurland kommune løyvde midlar til løn og andre driftsutgifter for forfattaren. Engasjementet starta 1. august 1994. Aurland Sogelag skulle vera den formelle utgjevaren av boka, som skulle vera klar til prenting hausten 1998. Det vart sett ned ei boknemnd der Olav Ellingsen og Magne Bjørnestad vart utpeika av kulturutvalet, og Ragnhild Hilstad og Nora Osland Roti representerte Sogelaget. Olav Ellingsen vart leiar og Ingvar Vikesland frå kulturetaten fekk ansvar for sekretariatet. Anders Ohnstad sa ja til å samarbeida med boknemnda, men ikkje som fast medlem.

Nemnda hadde møte med forfattaren om innhaldet og opplegget, og gjekk raskt i gang med innsamling av ætteopplysningar frå nyare tid.  Etter kvart vart Arvid Indrelid ein verdfull medspelar i innsamling, registrering og kopiering av foto.

Det synte  seg snart at stoff- og illustrasjonstilfanget var større enn me hadde rekna med, og at det fort kunne verta vanskar med sidetalet, og at tidsskjemaet kunne sprekka. Når det sprakk så grundig som det gjorde, skuldast det at Arvid Indrelid brått gjekk bort i 2000, og like etterpå døydde Magne Bjørnestad. Magne var ein sentral person i nemnda. Han sat inne med mykje kunnskap om bygda og ættene, og han hadde ei stor samling av bilete. Me er svært takksame for det arbeidet som både Magne og Arvid la ned i ”Flåmsoga”.

Når me så fekk melding om at Svein var sjuk, måtte me roa ned arbeidet og ta tida til hjelp. Då Ragnhild Hilstad trekte seg frå nemnda på grunn av helsa, sa Kjellaug Wangenstein Knutsen ja til å verta med i nemnda, og det same gjorde Ragnhild Hide. Dermed vart nemnda fulltallig. Evald Knutsen har vore ivrig fotograf og Frazier LaForce  overtok bilderegistreringa. Takk til bygdefolket som alltid har vore hjelpsame med å skaffa fram opplysningar og bilete.

Etter at me vedtok å dela boka i to band, har heile nemnda vore aktivt med på korrekturlesing og oppretting. No er me klare til å gjera det same  med band  2. Bygdeboknemnda rettar stor takk til Svein Indrelid for godt samarbeid, og vonar at boka vil verta like interessant og lærerik for alle framtidige lesarar som ho har vore for oss.

Aurland den 4. november 2003
Olav J. Ellingsen
- leiar -

tilbake