Fotturar i Aurland
| Aurlandsdalen: | Den fantastiske fotturen
frå Aurdalen (Østerbø) til Vassbygdi er vel kjend. Det går buss frå Gudvangen og Flåm til Østerbø, og den tek deg tilbake til Gudvangen/Flåm frå Vassbygdi. Tid: 5 - 7 timar. Meir om Aurlandsdalen |
![]() |
| Flåmsdalen: | Ta Flåmsbana til Myrdal
eller ein av dei andre haldeplassane i den vakre og frodige Flåmsdalen.
Deretter går du ned dalen langs den gamle anleggsvegen, Rallarvegen, ned
til Flåm. Tid: 4 - 5 timar frå Myrdal. Meir om Flåmsdalen |
![]() |
| Prest: | Vakker men krevjande tur
til fjelltoppen Prest. Startpunkt er Bjørgo. Turen er i bratt lende og
kan på somme parti verke litt skummel. Oppe på Prest får du eit vakkert panoramautsyn over Aurlandsfjorden. Tid: 3 timar tur/retur. |
|
|
Panorama frå Prest |
||
|
Starten på Bjørgo - Skår mot Vangen - Utsikt ut fjorden - Utsikt mot Flåm |
||
| Styvi / postvegen: | Den kongelege postvegen
frå Styvi til Bleiklindi er ein del av det gamle postrutenettet mellom
Oslo og Bergen. Ta båt til Styvi og gå til Bleiklindi og tilbake (omlag fire kilometer kvar veg). Tid: 1,5 - 2 timar. |
|
| Upsete: | Ta tog frå flåm til
Myrdal eller Upsete. Frå Upsete kan du gå til Grindaflethytta og vidare
til Undredal (Langhuso), Flåm eller Stalheim. Buss Voss-Stalheim-Langhuso-Flåm-Aurland. Frå Langhuso kan du også gå til Undredal og ta båt derifrå. |
|
| Aurland Activ: | Flotte aktivitetsturar av ulike slag | |