OTTERNES

Om
lag 110 meter over sjøen ser vi eit gammalt gardstun med 27 bygningar, no eit
museum kalla Otternes Bygdetun. Staden som buplass kan sporast tilbake til
steinalderen. I førkristen tid gravlagde truleg folket på Otternes sine døde
på Fronnes på den andre sida av fjorden.
Eldste
huset på tunet er frå ca år 1700, men at folk budde her før, er dokumentert
i skattelistene frå 1522. Fast busetnad er truleg langt eldre, kanskje ned mot
eit par hundre år e. Kr. Før denne tid levde folk meir av jakt og fiske og
streifa då gjerne om frå stad til stad.
Frå
utmarka henta dei høy og lauv til storfé og småfé, og ved til oppvarming.
Om
somrane produserte dei smør og ost på stølane i fjellet. Det gjorde dei òg
heime, med unnatak av opphald i mjølkinga på førjulsvinteren når dyra var høg-drektige.
Innmarka vart i stor grad nytta til korn og poteter. Dei siste ti-åra har
sauehaldet vore det viktigaste.
På
det meste har her budd om lag 60 menneske, medrekna husmannsfamiliar som budde
nede ved sjøen.
Det
var livalt på gardane med så mykje folk. Særleg spennande var det når
tenestefolket kom til gards 14. april (sommarmål og tenardagen) og var der til
29. september (Mikkelsmesse).
Då
kunne mang ei romantisk stund utspela seg ved fjord og i fjell. Ikkje så få
knytte band i desse lyse sommartider, band som kunne vara livet ut.
I
siste halvdel av 1800-talet utvandra om lag 50 menneske frå desse gardsbruka
til Amerika.
Garden
har tre stølar oppe på fjellet. Dei har same stølane som garden Vikesland
(460 m.o.h.) ovanfor Otternes. Vikesland er i 1998 framleis i full drift med
geiter. Litt lenger mot Aurland ligg gardane Li.
Sist
på 1980-talet var Otternes staden for innspeling av den prislønna filmen «En
håndfull tid».
Frå 1996 bur det ingen på tunet. Gardbrukarane har bygt seg hus utanfor tunområdet, og driv jordbruk for det meste som attåtnæring.