Vangen Kyrkje 800 år
> Jubileumsprogram-plakat, klikk her <
>
Jubileumsspelet, klikk her
<
>
Jubileumsplakaten, klikk her
<
>
Kongebesøket, klikk her
<
Vangen kyrkje 800 år
Sognedomen: Eit imponerande
byggverk. Ein historisk gåte. Ein turistattraksjon. Eit hus for kyrkjelyden. Eit
ualminneleg vakkert rom å samlast i til gudsteneste, vigsel, gravferd, konsert.
Ein stad for å kjenna, oppleva, praktisera og verta engasjert av den kristne
trua. Ei kyrkje som vert feira grundig i jubileumsåret! Kyrkja og jubileet kan
du finna ut meir om på denne nettsida.
Ei nett-vandring
Vil du gå på oppdagingsferd i
Vangen kyrkje? Peik på døra på biletet under, og så tek turen til! Før du veit
ordet av det, står du inne i kyrkja og kan sjå både framover og bakover. Så er
det berre å klikka vidare. Vil du t.d. sjå nærare på glasmåleria på austveggen?
Då set du peikaren der og klikkar. Du ser no eit bilete av koret, og klikkar
vidare, t.d. på glasmåleriet til venstre. Då kjem dei tre første bileta frå
forteljinga om den bortkomne sonen fram. Vil du sjå nærare på kvart av bileta?
Berre klikk i veg! Og heile tida kan du koma deg attende til utgangsbiletet ved
å klikka på ”Tilbake”-knappen øvst til venstre på skjermen. God tur!