LÆRDAL
SJUKEHUS
Etter framlegg frå Høgre ved Milly Loftesnes gav Kommunestyret 19/12 2002 samrøystes tilslutnad til denne fråsegna:
Aurland kommunestyre kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å gjera endringar i statusen til Lærdal sjukehus.
Eit fullverdig Lærdal sjukehus er ein nødvendig del av den totale sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.
Sjukehusa skal tena innbyggjarane og må få dei ressursane som trengst for å gje eit fullt ut tilfredsstillande tilbod.
Eit godt og stabilt sjukehustilbod er og viktig for å tryggja busetnad og næringsliv i ein region.
Statlege styresmakter må no gripa inn slik at det ikkje vert brukt meir ressursar på prosessar som ikkje er tenlege for å utvikla eit betre sjukehustilbod.