RAPPORT
FRÅ KOMMUNESTYREGRUPPA 2002
Alternativt
budsjett
Høgre la i 2002 fram
eit eige framlegg til budsjett med:
·
lågare avgifter på vatn og kloakk
·
lågare straumpris (ca 6 øre pr. kwh)
·
kutt i kostnader på 2,8 mill. kr. ved å
effektivisera drifta og få vinst av interkommunalt samarbeid
·
sal av næringsbygg og kommunale bustader
Høgre vart ståande åleine med sitt framlegg . Det var heilt nødvendig å setja fram dette forslaget for å markera at utgiftsnivået må ned samtidig som kostnadsauken for innbyggjarane må reduserast.
Reduserte
driftsutgifter - færre tilsette
Høgre har mellom
anna i pressa understreka sterkt at administrasjonen må verta meir effektiv og
at talet på stillingar må reduserast. Høgre har vore sterkt oppteken av at
stillingstoppen skal vera mest mogleg reell og har i fleire saker røysta mot at
ledige stillingar skal lysast ut -
og mot å forlenga engasjement.
Dette gjeld mellom anna stillingane som byggjeleiar, økonomisjef og
biblioteksjef. Høgre har kome i
mindretal.
Høgre har stilt spørsmål om stillingsstoppen i to kommunestyremøte.
Saker
der Høgre har vunne fram:
·
Privat utbygging av Ytstebøen bustadfelt -
samrøystes etter fyrst å ha vorte utsett av fleirtalet (Sp/Ap).
·
Endringar i framlegg til reguleringsplan for
Aurlandsvangen (parkering som no i sentrum og på Odden).
·
Fråsegn frå kommunestyret med støtte til Lærdal
sjukehus.
·
Klar kritikk mot handsaminga av konsulentsaka.
·
Verdi på aksjar fastsett etter verdivurdering.
·
Opna for å etablera øvingsområde for
scooterkøyring
·
Prisfastsetjing av tomt i Flåm (Fylkesmannen
overprøvde fleirtalet og Høgre sitt mindretalsframlegg vann fram).
Saker
der Høgre ikkje har vunne fram:
·
Høgre sa nei til å busetja fleire flyktningar
·
Høgre ville gje løyve til glasoverbygd El 9
lokomotiv i Flåm. Dette vart
nedstemt.
·
Høgre sa nei til kutt i løyvingane til kyrkja
og reiselivslaget.
·
Vassbygdi skule ville etter Høgre sitt
framlegg verta oppretthalden 2003/2004, og deretter nedlagt viss ikkje elevtalet
stig. Dei andre parti ville anten leggja ned straks eller oppretthalda skulen på
ubestemt tid.
·
Høgre ville innhenta tilbod på ombygging av
ABU samtidig med tilbod på nybygg for evt. å kunna få rimelegare totalløysing.
Dette fekk kun Høgre sine røyster.
·
Høgre sa nei til å gje alle dei sentrale områda
på Aurlandvangen vernestatus
·
Høgre røysta for det rimelegaste tilbodet på
bygging av Badelagune
·
Unngå at konsesjonsavgiftsfondet vert nytta
til reine driftsoppgåver som ikkje er næringsretta.