AURLAND – HOL MÅ VERA VINTEROPEN
Høgre røysta i kommunestyret for å gje tilskot til vinterbrøyting i 2002, men fekk samrøystes tilslutnad til eit framlegg som klart understrekar at dette er eit eingongstilskot. Seinare må Staten dekka kostnadene.
Avisinlegg ved Aurland Høgre i januar:
Aurland Høgre vil på det sterkaste avvisa framlegget om å vinterstengja Rv 50.
Stortinget har sagt at det er vegkontora og fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Buskerud som skal avgjera om vegen skal haldast open. Me kan ikkje tru at alle desse instansane vil gå inn for å stengja rv 50.
Aurland – Hol er eit godt alternativ for aust – vest trafikk og det er store næringsinteresser knytt opp mot vegen.
I Aurland gjeld dette ECO Vannkraft og fleire turistbedrifter.
Å byggja vegar for deretter å stengja dei, er uansett uforsvarleg politikk. For Rv 50 sin del må evt. stenging også vurderast rettsleg fordi vegen er bygd i samband med kraftutbygging og overteken av Staten som heilårsveg. Men dette unngår ein ved å gjera det einaste rette: brøta vegen som før.
Aurland Høgre