Under budsjetthandsaminga i haust kutta dessverre Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sv og Framstegspartiet løyvinga til landslinjer frå 139,2 mill kr. til 109,8 mill kr.
Høgre, Krf og Venstre gjekk inn for å løyva 139,2 mill. kr. Desse partia peikte på at det er viktig å føra vidare ordninga med landslinjer og at dei andre partia kutta utan å visa til kvar og korleis .
Dette kan no ramma Sogn Jord- og hagebruksskule
Viss dette ikkje er meininga, må Arbeiderpartiet, Sp, SV og Frp straks gje klarsignal for vidare drift.
Sogn Jord- og hagebruksskule fortener nå både pengar og ro slik at skulen kan driva undervisning og utvikla seg vidare som viktig kompetansesenter innan økologisk landbruk.
Aurland Høgre