
Aurland Høgre
Aurland Høgre si valliste
Kommunevalprogram
2003-2007 for Aurland Høgre
1.
Høgre sitt
grunnsyn - Visjon for Aurland
Høgre vil føra ein konservativ framstegspolitikk, bygd på det kristne
kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret for å fremja personleg fridom og
sosialt ansvar, medråderett og eigedomsrett og eit forpliktande nasjonalt og
internasjonalt samarbeid.
Visjon for Aurland
Høgre ser for seg at Aurland innan kort tid vert ein
kommune med eit sterkare næringsliv som grunnlag for fleire arbeidsplassar, auka
folketal og det beste innan privat og offentleg service til rimelege prisar.
Aurland skal vera ein kommune som er kjend i Norge og
internasjonalt på ein positiv måte.
2.
Hovudsaker for Høgre i perioden 2003 -
2007
- Arbeida for ein
god skule og gode oppvekstvilkår for born og unge
- Leggja til rette
for vekst i næringslivet og stimulera til nyetableringar
- Meir for pengane -
effektiv bruk av dei kommunale midlane
3.
Kommunale oppgåver
Kommunen
skal gjera det viktigaste først: yta tenester innan utdanning, helse,
eldreomsorg og tryggleik og
valfridom for barnefamiliane. Innbyggjarane i Aurland skal ha eit best muleg
tenestetilbod.
Kommunen skal difor på alle tenesteområde ha klart formulerte serviceerklæringar.
For Høgre er det viktig at arbeidet vert utført på ein god måte, ikkje kven som
gjer det. Høgre vil modernisera kommunen og sikra
kvalitet gjennom konkurranse. Det som ikkje er typiske kommunale oppgåver, må i
alle høve utførast i privat regi.
4.
Helse- og sosialpolitikk – eldreomsorg
Høgre vil satsa på effektiv og målretta ressursbruk innan
helse- og sosialtenestene i samsvar med den trong som er i kommunen til ei kvar
tid. Me vil at det skal vera god tilgang til dei tenestene som folk treng. Mest
muleg av ressursane i helsestellet skal brukast på pasientane og ikkje til
administrasjon.
Helsetenestene skal vera av beste kvalitet, og dei eldre skal ha rett til ein
verdig alderdom.
Høgre vil arbeida for:
- tiltak slik at
eldre og uføre skal kunna bu heime i eigen bustad så lenge som råd er og så
lenge som dei sjølve ønskjer det
- at Lærdal sjukehus
vert oppretthalde som fullverdig lokalsjukehus med minst same tenestetilbod
som i dag
- nødvendige
ressursar til førebyggjande tiltak i barnevernet og mot rusmisbruk
- å leggja forholda
til rette for verna arbeidsplassar
- å styrkja det
psykiske helsevernet
- gode
rehabiliteringstilbod
- at
ambulansetenesta ikkje vert svekka
5.
Skule og barnehagar
Høgre vil
arbeida for ein kvalitetsskule der elevane tileignar seg gode faglege kunnskapar,
sosial dugleik og utviklar lyst og evne til å ta utfordringar.
Høgre vil :
- at undervisninga i
basisfag er proritert i høve til andre fag
- når elevtalet vert
for lågt, vurdera mellombels å flytta mellomtrinnet på dei minste
grendaskulane til Aurland eller Flåm, men behalda småskuletrinnet og
barnehagetilbodet der det er forsvarleg. Det kan bli aktuelt å leggja ned
skular som ikkje har elevgrunnlag for vidare drift.
- framleis stø Sogn
Jord- og Hagebruksskule i arbeidet med å vidareutvikla seg som eit
landsdekkjande skule- og utviklingssenter for økologisk landbruk
- stø initiativet
frå Sogn Jord- og hagebruksskule om eit tilbod i grunnkurs i allmennfagleg
studieretning, slik at elevane det første året etter ungdomsskulen slepp
pendal eller bu borte frå heimen
- arbeida for eit
regionalt samarbeid om lærlingekontraktar innan ulike fag, jfr. den
lærlingeordninga energiverka i Indre Sogn har fått i stand
- arbeida for at det
skal vera mogleg for ungdom frå Aurland å velja om dei vil gå på vidaregåande
skule i eige fylke eller i Hordaland
- gå inn for at at
den enkelte skulen skal få større fridom og ansvar med omsyn til å utvikla nye
organisasjonsformer og pedagogiske metodar for å få meir effekt av midlane
Barnehagedekninga i Aurland er god. Det er difor ikkje aktuelt no med vidare
utbygging i kommunal regi.
6.
Ungdommen - bygda si framtid
Høgre vil
leggja til rette for at Aurland skal vera ein attraktiv stad for ungdom. Dette
gjeld for dei som alt bur i kommunen og for dei som kan tenkja seg å flytta hit.
Det er viktig at kommunen har god kontakt med utflytte ungdomar og informerer
både om kommunalt tenestetilbod og støtte til etablering av eigne arbeidsplasar.
Kommunen bør
gjennomføra undersøkingar blant ungdom i aldersgruppa 18 - 25 år om dei ønskjer
å flytta heim, kva dei ønskjer å driva med og kva dei forventar seg av tilbod.
Ungdomen er
ein viktig ressurs som må få vera med på å utforma lokalsamfunnet både med
fritidstilbod, tenestetilbod og arbeidsplassar.
7. Kommuneøkonomi, kommunal tenesteproduksjon og arbeidsplassar
Aurland
kommune har i dag driftsutgifter som er større enn inntektene. Det er difor
heilt nødvendig å redusera kostnadene og driva meir effektivt slik at me får
meir att for pengane.
For å sikre
høg kvalitet på område med offentleg ansvar, vil Høgre at det skal vera
konkurranse om kven som til ei kvar tid skal utføra oppgåvene. Lokale tilbydarar
skal prioriterast under elles like vilkår.
Konkurranse
opnar nye mulegheiter for kommunalt tilsette. Samstundes inneber det nye krav.
Bruk av
konkurranse gjev fordelar for kommunen sjølv om kommunal drift vert resultatet.
Ved å samanlikna effektivitet kommunar imellom og mellom kommunar og private,
får både kommunen som arbeidsgjevar og arbeidstakarane vita meir om kva kvalitet
tenestene har og kor effektiv eigen organisasjon er samanlikna med andre.
Høgre vil at
betaling for kommunale tenester skal knytast direkte til den enkelte tenesta, og
fakturaen skal visa den ytinga me får, mellom anna når det gjeld vatn-, kloakk-
og renovasjonsordningar. Dette vil sikra at prisen vert så låg som muleg og at
prisen ikkje overstig tenesta sin reelle kostnad.
Når det
gjeld andre gebyr og avgifter, skal prisen vera i samsvar med den faktiske
tidsbruken til sakshandsamaren. Høgre vil at tidsbruken på behandling av saker i
kommunen skal verta kortare. Saker skal som regel verta behandla på første møtet
til det aktuelle utvalet etter at saka har kome til kommunen. Saker der
administrasjonen tek avgjerd, bør vera avslutta innan 14 dagar.
Det er
viktig med betre oppfylgjing av prosjekt i kommunen og interkommunalt.
ÅLAV-samarbeidet må gje synleg økonomisk vinst.
Tiltak som
vert planlagde skal alltid ha eit oversyn over alle kostnadene. Det er uheldig
at visse kostnader først vert gjort kjent etter at prosjektet er starta opp.
Kommunen må
verta meir kritisk til bruk av fond slik at ein til dømes ikkje nyttar
konsesjonsavgiftsfondet til andre ting enn det som er nedfelt i regelverket
eller til å dekka driftsunderskot.
Høgre vil:
· at kommunal
saksbehandling skal vera rettferdig, nøytral og basert på fakta
· at kommunen
utviklar moderne informasjonssystem og vert meir open mot innbyggjarane. All
offentleg informasjon skal vera tilgjengeleg på internett
· at kommunen opptrer
korrekt i forhold til innbyggjarane og går fram på rett måte i saker som til
dømes vedkjem eigedomsinteresser
· gjennomgå all
offentleg tenesteproduksjon for å kartleggja kvar konkurranse kan medverka til
høgare kvalitet, betre ressursbruk og auka valfridom for den enkelte
· at kommunen ikkje
skal påføra kundane auka straumpris ved større påslag på konsesjonskraftprisen
· vurdera å seia opp
avtalen med SIMAS og innhenta tilbod på avfallshandtering
· at kommunen skal
unngå engasjement i privat forretningsdrift
· at det skal vera
lettare å samanlikna kvalitet og effektivitet i eigen kommune med andre kommunar
og private. Det må arbeidast særleg aktivt for å finne gode
samanlikningsgrunnlag og mål for forbetring der kommunen har monopol på
tenestene
· i størst muleg grad
skilja forvaltnings- og driftsoppgåver slik at private og offentlege
leverandører kan konkurrera på like vilkår
· styrkja og betra
arbeidsgjevarrolla slik at kommunen aktivt kan utvikla og halda på dugande
medarbeidarar
· at talet på
kommunalt tilsette i administrative stillingar vert redusert
8. Næringsliv
Eit lønsamt,
konkurransedyktig og variert næringsliv er grunnlaget for ei god utvikling i
kommunen vår. Høgre vil gje næringslivet best mulege arbeidsvilkår slik at me
både sikrar eksisterande og legg tilhøva til rette for nye og varige
arbeidsplassar.
Omstilling
og tilrettelegging for lokal foredling og alternativ drift innanfor jordbruket
skal vera eit satsingsområde til dømes i samarbeid med reiselivet.
Det er
viktig at vernetiltak kan kombinerast med næringsdrift og at det vert lagt til
rette for at naturressursane kan utnyttast av grunneigarane.
Lån og
tilskot frå konsesjonsavgiftsfondet er eit av dei viktigaste verkemidla i det
kommunale tiltaksarbeidet og skal nyttast til infrastruktur/fellestiltak for
næringsutvikling og til å fremja vekst og verdiskaping i det private
næringslivet. Alle delar av næringslivet skal nyta godt av midlar frå fondet.
Men fondet skal ikkje brukast til å subsidiera drift eller slik at
einskildføretak får konkurranseføremon.
Høgre meiner
at lån og tilskot skal fylgja prosjekt og ikkje person eller firma. Til mindre
prosjekt kan tilskotsprosenten vurderast i kvar einskild sak. Det same gjeld for
etablerartilskot.
Høgre vil
sjå positivt på at næringslivet organiserer felles-/alternative ordningar
innafor til dømes avfallshandtering og energiøkonomisering.
Næringsdrivande i Aurland skal alltid få høve til å gje tilbod på tenester og
leveransar til kommunen. Høgre vil avvikla den noverande ordninga med felles
innkjøpsavtale i Sogn. Denne ordninga svekker det lokale næringslivet og dermed
inntektsgrunnlaget til kommunen.
Det må koma
aktivitet i næringsbygga. Høgre ser det som mest tenleg at private eig desse
bygga fordi dei vil vera meir interesserte i å skaffa aktivitet og
leigeinntekter. Ledige lokale som eventuelt vert att i kommunal eige må lysast
ut både lokalt og i landsdekkande media.
Kommunen må
driva eit aktivt informasjonsarbeid og yta god service til næringsliv og
etablerarar.
For å fremja
næringsutviklinga vil Høgre ta initiativ til etablering av næringshage.
9.
Reiseliv
Reiseliv
med overnatting, servering, handel og transport er den største næringa i privat
sektor i Aurland.
Reiselivsnæringa har eit stort vekstpotensiale og skal difor ha høg prioritet.
Kommunen må
arbeida nærare saman med dei etablerte bedriftene for å utvikla strategiske
planar og fellestiltak som kan fremja investeringar og vekst. Det skal vera eit
overordna mål å arbeida for sesongforlenging og betre grunnlag for heilårsdrift
i fleire bedrifter.
Høgre vil
arbeida for at:
· Reiselivslaget får
handlekraft som hovudansvarleg for felles sal, marknadsføring, informasjon og
produktutvikling. Aurland skal styrkja sin posisjon som reiselivssenter i
regionen
· tiltak som hevar
kvalitet, kompetanse og service får prioritet
· nasjonal turistveg
over Aurlandsfjellet til Lærdal vert realisert i perioden
· det kan byggjast
både større anlegg og småskala verksemder. Føresetnaden må vera solid
eigenkapital og vilje til stor eigeninnsats. Det må opnast for tilførsel av
kompetanse og kapital utanfrå for å fremja næringa.
· best mulege tog-,
buss- og båtruter i alle sesongar
· Nærøyfjorden får
plass på UNESCO si verdsarvliste
· kommunen sel
aksjane i Aurland Ressursutvikling når det vert oppnådd ein god pris slik at
private kan overta drifta. Ved sal av aksjane får konsesjonsavgiftsfondet meir
frie midlar til andre engasjement.
· kommunale kultur-
og aktivitetstilbod i større grad vert tilgjengelege for turistar
10.
Aurland sentrum
Høgre vil
arbeida for at Aurlandsvangen vert vidareutvikla som kommune- og handelssenter
og vert meir konkurransedyktig med sentra utanom kommunen. Det er viktig å vera
open for nye tiltak og endringar samtidig som ein tek vare på særpreget til
Aurlandsvangen.
11.
Bustadbygging
Høgre vil
leggja stor vekt på at det heile tida skal vera attraktive tomter tilgjengeleg.
Det må verta større vilje til å innleia forhandlingar om å ta i bruk
sentrumsnære areal til bustader. Tilskot til spreidd bustadbygging bør
oppretthaldast. Ordninga må og omfatta private byggjefelt.
Kommunen må
straks setja i gang sal av eigne hus og avgrensa den kommunale bustadmassen til
eit minimum.
Inntektene
frå salet kan nyttast til å byggja ut nye og tidhøvelege gjennomgangsbustader.
12.
Kyrkje - kultur – idrett – frivillig
arbeid
Høgre vil
arbeida for at:
· kyrkja skal ha ein
sentral plass i kommunen vår
· kyrkjene og
kyrkjegardane vert haldne godt ved like
· stiar,
ferdselsvegar og bruer i utmarksområda vert haldne ved like
· Sogelaget har gode
arbeidsvilkår og at viktige kulturminne vert tekne vare på
· song- og musikklag,
idrettslag, skyttarlag, humanitære organisasjonar og andre lag må få gode
arbeidsvilkår. Når det gjeld kommunal støtte, vil Høgre prioritera ungdomsarbeid
og lag med stor eigeninnsats. Foreldra må trekkjast meir inn i ungdomsarbeidet.
· kommunen må vera
varsam med store prosjekt i eigen regi, men heller søkja samarbeid med
dei friviljuge organisasjonane. Det bør etablerast eit
kulturnett med internettilknyting. Dette må og femna om sogearbeid og knytast
opp til reiselivet.
· det vert laga ein
handlingsplan for idrett der aktuelle investeringstiltak vert utgreidde.
· det vert lagt til
rette for internettkafear med tilbod til både ungdom og vaksne
·
ungdommane vert
stimulerte til sjølve å realisera fleire haldnings- og trivselsskapande tiltak i
kommunen
13.
Jakt - fiske - friluftsliv
Høgre
vil arbeida for at:
· bygdefolket skal
behalda rettane til jakt og fiske
· lakse- og
aurebestandane i elvane vert sikra
· det ikkje vert
innført nye restriksjonar på ferdsle i utmarksområda. Det må koma eit tilbod om
faste løyper for køyring med snøscooter
· det vert lagt til
rette for meir hyttebygging i kommunen.
14.
Samferdsle
Høgre vil arbeida for at:
· heilårstilbodet på
Flåmsbana og fjorden vert halde oppe.
· vare-og
passasjertransport for dei veglause grendene mellom anna i tilknyting til
heilårsruta Flåm- Aurland – Gudvangen vert halde oppe
· Rv 50 skal vera
heilårsveg med betra standard
· Aurlandsvegen vert
opna tidleg i mai
· trafikktryggleikstiltak i kommunen vert prioritert
· dei kommunale
vegane vert haldne godt ved like og utbetra når det er trong for det
· busstilbodet vert
best muleg med tilbod morgon og ettermiddag til dei vidaregåande skulane
· avkøyringa frå E 16
i Flåm vert betra med eige felt når ein kjem frå Flenjatunnelen
· skilting og
informasjon er best muleg slik at tilbod vert gjort kjent og turistane finn fra
15.
Verneplanar – lokalt ansvar og styring
Høgre vil arbeida for at det vert vist respekt for eigedomsrett og etablerte
nærings- og fritidsaktivitetar i utmarksområda i kommunen. Tradisjonelle
næringar må kunna utøvast i alle delar av kommunen.
Høgre går inn for at tidlegare vedtekne planar, til dømes Fjellbruksplanen og
andre arealplanar, om nødvendig vert behandla på nytt slik at planane er meir
eigna til å kunna utnytta det lokale ressursgrunnlaget. Kommunen må hjelpa til
der det trengst for å mjuka opp opp og justera vedtekne arealplanar. Planane må
verta meir tidsrette og ta omsyn til både grunneigarinteresser og offentlege
interesser.
Vernereglar må ikkje vera for strenge. Kommunen og
grunneigarane sjølve bør få eit størst mogleg forvaltningsansvar. Kommunen må
sjølv overlata mykje ansvar i slike saker til grunneigarar og
brukarorganisasjonar.
Den såkalla 0-konsesjonen i kommunen bør takast bort. Det er
betre at hus og eigedomar vert selde og haldne ved like enn at dei blir ståande
tomme. Det må og vera muleg å endra status frå heilårsbustad til fritidseigedom.
Me fremjar ikkje busetnaden i kommunen med tvang.
Høgre vil og at handheving av bu- og driveplikta for mindre
jordbrukseigedomar skal basera seg på skjønn. Regelverket må ikkje verta for
stivbeint.
16.
Krav til fylke og stat -
interkommunalt samarbeid
Høgre ser det som heilt uaktuelt å slå Aurland saman med
andre kommunar.
Aurland har eit godt ressursgrunnlag og vil arbeida for at
stat, fylke og interkommunale organisasjonar ikkje svekker råderetten over
ressursane og dermed evna til lokal utvikling.
Høgre ser det likevel som aktuelt å delta i samarbeid med
andre for å løysa einskilde oppgåver på ein betre og rimelegare måte for
innbyggjarane. Men samarbeidet må heile tida evaluerast for å kontrollera at det
er ein vinst å henta i vidare samarbeid. Interkommunale tenester må og kunna
lokaliserast til Aurland.
Høgre vil sjå med største skepsis på framlegg om å leggja ned
eller flytta offentlege funksjonar ut av kommunen. Den økonomiske vinsten av
slike tiltak er ofte liten eller fråverande, medan konsekvensane for publikum er
svært negative. Lensmannsetaten må vera bemanna slik at polititenestemenn alltid
er på vakt ved stasjon i Aurland.
Aurland Høgre er klar til å ta leiaransvar for forandring og
utvikling. For å få dette til må Høgre ha fleire representantar i kommunestyret.
Røyst Høgre
- eit godt val for Aurlandsbygdene !