I samband med handsaminga av budsjettet for
2004 vart det vedteke å føreta ein gjennomgang av det kommunale tenestetilbodet.
Rådmannen har lagt fram ein omfattande rapport som syner at Aurland kommune har
eit godt tenestetilbod. Men kommunen har for store kostnader og må redusera
talet på årsverk.
I samband med handsaminga av denne rapporten har Høgre gjort framlegg om
innstramming i praktiseringa av tilsetjings- og stillingstopp. Her har me ikkje
fått fullt gjennomslag. Men det er no brei semje om at omstilling og
nedbemanning er nødvendig. Høgre har sterkt understreka at dette arbeidet må ha
prioritet og at ein ikkje må forsinka eller utsetja nødvendige tiltak for å
sikra ei meir forsvarleg økonomisk drift og langsiktig trygging av
tenestetilbodet.
Aurland kommune har dei siste åra gjennomført store investeringsprosjekt som ny sjukeheim og nybygg på ABU. Samtidig har det vore arbeid med planar for utbygging ved Flåm skule og ombygging av den tidlegare alders- og sjukeheimen til omsorgsbustader. Det vart lagt fram planar med svært høge kostnadsrammer. Høgre har arbeidd sterkt for at planarbeidet må ha større fokus på økonomi og har fått gjennomslag for dette. Det har og vore nødvendig å bruka eksterne konsulentar for å sikra god kvalitet i prosjekteringa. Både Flåm skule og omsorgsbustader kan no realiserast innanfor forsvarlege rammer.
Høgre har teke initiativ til arbeid for å fleire ungdomar til å flytta tilbake til Aurland. Dette skal skje ved informasjonstiltak, mellom anna på Internett. I tillegg må ein sjølvsagt ha fokus på kva tilbod ungdommen vil i form av kommunale tenester, fritidsaktivitetar og arbeidsplassar. Utflytte ungdomar skal og inviterast til å etablera nye arbeidsplassar.
Høgre er opptekne av at brukarane av tenester må stå i sentrum. Dette har me vist mellom anna ved handsaminga av regelverket for avfallsselskapet SIMAS. Høgre gjorde framlegg om at brukarane i større grad skal betala for faktisk levert avfallsmengde og at dei som samordnar bossleveringa berre skal betala eitt minimumsgebyr. Dette fekk full tilslutnad i kommunestyret og delvis tilslutnad også i SIMAS. Høgre vil i tida framover ha sterk fokus på desse tenestene og eventuelt lansera alternative løysingar.
Høgre vil ha større konkurranse for å sikra
fornuftig pris og gode tenester. Me har difor røysta mot å etablera nye
interkommunale løysingar på revisjonstenestene. Her er det no opna for
konkurranse og det burde kommunen ha utnytta. Men her kom Høgre i mindretal.
I ein annan samanheng har kommunen slutta seg til ei omfattande innkjøpsordning
som kan stengja lokale leverandørar ute. Høgre har fått tilslutnad til at denne
innkjøpsordninga skal koma opp som sak. Høgre er for konkurranse, men då må alle
ha høve til å delta.
Høgre vil og arbeida for at fleire oppgåver vert konkurranseutsette.
Eit samla kommunestyre sa ja til at kommunane skal få ein større del av selskapsskatten. I kommunestyret viste Høgre til at dette er viktig for å behalda verdiane der dei vert skapte og at dette er ein økonomisk fordel for Aurland.
Høgre har ved fleire høve sagt klart frå om
at det ikkje ligg føre gode grunnar for ytterlegare vernetiltak i Aurland. Eit
fleirtal i kommunestyret slutta seg til dette i samband med handsaming av
framlegg til verneplan for Hallingskarvet der og eit areal i Aurland er berørt.
Etter Høgre sitt syn må grunneigarane og lokalsamfunnet ha størst mogleg
råderett over eigne areal.
Høgre fekk fleirtal for at det ikkje er behov for å oppretta leigekøyringsløyve. Regelverket vert innskjerpa, men det kan tildelast løyve på same måte som før. Høgre stiller seg elles positivt til at det vert etablert ei øvingsbane for snøscooterkøyring.
Høgre har teke opp sak om å endra konsesjonsreglane og avvikla ordninga med 0-konsesjon. Dette hindrar omsetning av eigedomar. Høgre meiner at busetjing i kommunen kun kan sikrast gjennom fornuftig tilretteleggjing for næringsutvikling og bustadbygging og ikkje gjennom bruk av negative virkemiddel.
Høgre gjekk inn for å sjå oppretting av stillingar i samanheng med gjennomgangen av det samla tenestetilbodet. Me gjekk og inn for at investeringane ikkje skulle vera større enn i budsjettet. I desse sakene kom Høgre i mindretal.
Høgre fekk ikkje fleirtal for eit forslag om å utvida skjenketidene utandørs.
Ordføraren har opna for spørsmål direkte i kommunestyret med svar i neste møte. Høgre har stilt fleire spørsmål:
Dei aktuelle sakene er delvis fylgde opp eller vert tekne opp til drøfting seinare.
Aurland Høgre vil ha sterkare kommunar og går inn for å avvikla fylkeskommunen. Det vil vera svært uheldig om fylkeskommunane vert erstatta av større regionar. Dette vil føra til større avstand mellom styresmaktene og innbyggjarane.
Aurland Høgre - kommunestyregruppa