|
Det var ca 50 huldrer
og det var eit kjempeflott opplegg har me fått tilbakemeldingar om.
Fredagskvelden var det festmiddag på Østerbø Turisthytte.
Marta Eldegard fortalde om då ho såg huldra på stølen oppi
Skjerdal.
Huldrekallen som var med oss, Kåre Sønnerheim fortalde om
Aurlandsdalen.
Siri Wølneberg hadde framførte huldredans og fin hyllest til
huldra.
Litt uti bordseta fekk me besøk av ei "hulder", og denne
snakka varmt
for "føden" på Fylkessjukehuset i Lærdal.
Rundt middnatt vart det fakkeltog rundt på Østerbø,
og til slutt enda me opp nede ved vatnet til eit stort jonsokbål.
Så huldrene nytta natta godt ut frammi dalen.
Laurdagsmorgonen la huldrene i veg nedover dalen.
I Vetlahelvete var det konsert og huldredans.
Siri Wølneberg var huldra som dansa på flåten i
Vetlahelvete,
og Gøril Tveiten spelte fela, itillegg hadde ho med seg to
nederlendarar,
ei på toradar og ein på fela.
Det var eit flott innslag av desse.
På Sinjarheim fortalde Kristin om plassen og
det var høve til å få sjå seg om inne i husa der.
Dette er litt av det
som skjedde undervegs, og med dei tilbakemeldingane
som me har fått, så har dette vore eit vellukka arrangement,
og at det kjem til å bli fleire huldreturar, det trur eg at ein kan
rekna med.
Me hadde huldrer med i frå store delar av fylket.
Helsing Bente
Tekst og bilete:
Bente
|