Orføraren sin opningstale
Minister og alle gjester velkomen til Stegastein
Fyll lungene med fjell-lufta klår, nyvaska og rein
Her er det jobba med maskiner, og spade og spett
Murar og lim treverk er langs Bjørgavegen sett
Snøvegen mellom Lærdalsøyri og Aurlandsvangen
Dei ante det ikkje i kommunestyret den gangen
At det no vert Turistveg med ny nye attraksjonar
Med investeringar på fleire 10-tals millionar
Det skal byggjast vidare på fleire flotte plassar
Stadar med benkjer, bord og moderne dassar
Midt i villreinens gamle og hevdvunne rike
Kan turistar snart sitja og kosa seg og kike
På isbrear og fjellvatn og høge fjell
medan sola går ned - seint på kveld
I dag skal første opningsseremonien skje
Og snart kan me utpå her og kika ned
På Aurland kommune sitt markerte hjarte
Der ei historisk vandring sidan kan starte
Kyrkja og naustet og lokalhistorisk senter
Er fylt med klenodiar og gamle dokumenter
Og badelaguna med si solfylte strand
Gjev kjensle av å vera i eit varmare land
Når du har rusla rusla litt rundt og kome til ro
Kan du gå og kjøpa deg Aurlandsko
Lyft blikket til fjorden og fjella i vest
Så ser du det som eg skryter av mest
Ein fjordnatur av det vakraste på jorda
Ja, i UNESCO- møtet vart sagt desse orda
Til Nærøyfjorden med Dyrdal, Styvi og Bakka
Kjem snart dronning Sonja med fylgje for å takka
For at fjordane er innskrivne på ei liste
Med naturområder som verda ikkje kan miste
Søndagsturen må ikkje takast på slump
Køyr mot Lærdalsøyri over hole og hump
Nyt natur og senter for kyrkje og laks
Sidan pass deg i tunnelen – stol ikkje på flaks
Alt ligg til rettes – turistar kan strøyma
Men me må for all del ikkje gløyma
At dette og er driftsveg for mange gardar
De må rusta opp vegen og førebygga farar
For å unngå trafikk-kork og harde ord
Skulle nok utbetringa ha starta i fjor
Olav Ellingsen, ordførar i Aurland kommune