Orføraren sin velkomsttale
Vyrde Dronning, miljøvernminister, representant frå Unesco
- og alle gjester – eg vil bukka og takka
For at de alle ville ta turen hit til Bakka
Me skal markera med fest som seg hør og bør
Opning av Vestnorske fjordar – verdsarv sør
Me er i eit område av framifrå verdi
Som må skjøttast vel til evig tid
På det store møtet i Durban i fjor
Vart det framført slike store ord
Her er busette grender med slåttemark
Dei skal leva i ein slags Verdsarvpark
Som vertskap for alle dei som kjem på tur
For å oppleva a wonderful view og fossedur
Me er budde på det meste – mang ei bok er skrive
Som skildrar naturen og folkelivet
Og alle må få smaka den lokale maten
Geitosten, kjøtet, laksen og salaten
Kulturlandskapet treng bønder med dyr
Så kva med høveleg stort gebyr?
Til dekking av ekstra slit og strev
Som små og tungbrukte gardar krev
To fylke og fire kommunar er med i dag
Førebuingar har me gjort i lag
Her er rydda og malt og pussa og slått
No går det nok bra - sidan veret vart flott
Snart skal avdukast ein bronseplakett
Og det var frå først av ikkje so lett
Å finna ein stadeigen bautastein
Så eg utfordra både Hjørdis og Svein
Me leita rundt bøane og fekk ikkje fred
Før me fann seglstein frå raset 2003
No kjem talar og kulturprogam
Noralv Distad ver så god du skal losa oss fram
Olav Ellingsen, ordførar i Aurland kommune