ÅRSMØTEREFERAT FOR AKTV 2008.
Årsmøtet vart halde på Aurland Fjordhotell fredag den 28. mars kl.19.00.
Det møtte 5 styremedlemer og 39 abonnentar (med totalt 47 stemmer).
1. Innkalling
Innkallinga vart samrøystes godkjend.
2. Val av møteleiar
Alf Bjarne Hjelle vart vald til å leia årsmøtet.
3. Årsmelding
Årsmeldinga for 2007 vart framlagd av leiaren og samrøystes godkjent.
4. Rekneskap
Revidert rekneskap for 2007 vart framlagd av kasserar og samrøystes godkjent.
5. Budsjett 2008
Budsjett for 2008 vart lagt fram av kasserar. Ingen merknader.
6. VAL.
6.1 Framlegg frå valnemnda:
|
|
Alf Bjarne Hjelle, leiar |
til 2009 |
ikkje på val |
|
|
Tron Andresen, nestleiar |
til 2010 |
attval |
|
|
Øyvind Skaim, kasserar |
til 2010 |
attval |
|
|
Ketil Horvei, skrivar |
til 2009 |
ikkje på val |
|
|
Knut Sigurd Veum, driftskoordintor |
til 2009 |
ikkje på val |
|
|
Revisor Arild Mykkeltveit |
til 2010 |
attval |
|
|
Revisor Anders Aasen |
til 2009 |
ikkje på val |
Vedtak: Framlegget frå valnemnda vart vedteke samrøystes.
6.2 Val på valnemnd: Framlegg på Inga Winjum, Ketil Molvær og Thor Andresen.
Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedteke.
7.1 Innkomne saker
Ingen innkomne saker
7.2 Saker frå styret
7.2.1 Godtgjering til valnemnd og revisorar
Framlegg frå styret:
Medlemene av valnemnd og revisorar i AKTV får godtgjering for utført arbeid i form av redusert abonnementsavgift. Reduksjonen i avgifta vert sett til 50 %.
Vedtak: 35 røysta for, 10 røysta mot, 2 blanke. Framlegget vart vedteke.
7.2.2 Skifte av dagens kanalpakke
Atle Winjum (tidlegare i Sogn Breiband) belyste evt. konsekvensar av framlegget i hove til breiband distribuert via kabelnettet. Ein evt. overgang medfører at Canal Digital oppgraderer AKTV sin sentral med tanke på digitale signal. Han trur dette vil kunne føre til ein auke i antal breibandskundar vil kabelnettet. I motsatt høve, trur han at kundegrunnlaget både på fjernsyns- og breibandssida sakte, men sikkert vil gå nedover.
Framlegg frå styret:
Dagens kanalpakke vert sagt opp i sin heilheit og vert erstatta med Canal Digital sin grunnpakke.
Vedtak: 42 røysta for, 2 røysta mot, 3 blanke. Framlegget vart vedteke.
I samband med 20-års jubileet til AKTV, hadde Torgny Tønnessen leita i arkivet og fortalde litt om historikken til fjernsynet i Aurland, frå oppfinnsame forsøk på Bjørgo til tidlege parabol-etusiastar. Han fortalde så om oppstarten og skipinga av AKTV med dei utfordringar det medførte den gongen. Diverre har arkivet ein god del ”hol” frå oppstarten til dagens dato, men desse håpar me å kunne tette ved å spore opp notatar og referatmateriale.
Etter dette var det trekking av 2 gratis årsabonnement blant dei frammøtte.
Vinnarar: Erik Ohnstad
Leif Inge Loven
Etter årsmøtet var det servering av blomkålsuppe, gryterett/ kylling m/tilbehør, kaffi og kaker.
Møtet slutt kl. 21.00
Aurland, 31. mars 2008.
Ketil Horvei