Berekvam (tilbake)
|
Berekvam
haldeplass: Berekvam
vart bygd i 1940 som er ein ubetjent stoppestad som ligg 344 m.o.h.
Stoppestaden ligg omlag midtveges mellom Flåm og Myrdal. Berekvam har
kryssingsspor, som i høgsesongen gjer det mogeleg å ha to tog undervegs
samtidig. Ved Berekvam var det opphaveleg også eige lastespor (sidespor) for
gods. Berekvamsgjelet: Berekvamsgjelet
er skapt i etterkant av istida. Snø og is byrja å grava seg nedover i fjellet.
Litt lenger nede går vegen litt nedover. Det vil sei at gjelet ikkje har greve
seg ned på det djupaste punktet i dalen. At gjelet ligg oppi dalsida, og at
kanten av gjelet er høgast lengst nede, brukar geologar til å prova at
danninga av gjelet starta under isbreen ved at smeltevatn rann under trykk litt
skeivt oppi dalsida og starta utgravinga av gjelet med mykje stein o.l. På det djupaste er gjelet ca. 50 m, men denne høgda er
omdiskutert mellom dei fastbuande. Det beste er nok å mæla sjølv. Tunshelle: Tunshelle
grensar i nord til Dalsbotn og Geisme, i aust til høgfjellet, i sør til Melhus
og i vest til Berekvam. Det har vore fleire gardar på Tunshelle, men no er det
to, og berre den eine dyr. Det
er truleg at gardsnamnet Tunshelle byggjer på fleirtalsform av ”hella” –
”fladt Berg, flad Klippegrund”. Det høver godt, for mykje av tunet på
garden er eit einaste stor bergsva. Dette vart meint av O. Rygg i 1919. Dei
eldste skrivemåtane for gardsnamnet me har funne er Thundzelle (1600),
Thudtzelle (1603), Thonshellde (1611) og Tonshellde (1612). I landkommisjonen
sitt register frå 1661 og dei seinare matriklane finn me desse skrivemåtane:
Tundzhelde (1661), Tunbhelde
(1667), Tunshelde (1723) og Tunshelle (1838,1890). Det er slege fast at
namneformi for matrikkelgarden skal vera Tunshelle. Slektsnamnet vert til vanleg
i dag skrive Thunshelle. Fyrste
gong Tunshelle er nemnt i skrivne kjelder er i jordeboki for 1600-01 og i
leidangslista for 1601. Då betalte leiglendingen Oluff Thundtzelle eit
geiteskinn i leidangskatt. Garden må såleis
i alle høve ha vore busett på slutten av 1500-talet. Men han er ikkje nemnt i
skattelista frå 1560-åri, og heller ikkje i lista over tiendepengeskatten i
1522. Det kan tyda på at han ikkje var i bruk på den tid, eller at han ikkje
var komen i såpass hevd at han vart skattlagd. Vidme: Vidme
er den einaste høgdegarden i Flåmsdalen som ligg på vestsida av dalen. Her er
det høgt og fritt, med godt utsyn utover dalen. Tunet ligg mellom 570 og 580
m.o.h. I
landkommisjonen sitt register frå 1661 og dei seinare eigendomsmatriklane finn
me desse namneformane: Vebme (1661), Wedme (1667,1723), Vidme (1838) og (1890).
Namneformi skal vera Vidme eller Widme. Vidme
hadde frå gamalt av to eigarar: Bispestolen i Bergen og Apostelkyrkja. Ved
midten av 1600-talet var landskyldi på garden to laupar smør. Av dette rådde
bispegodset over 1 1\2 laup – altså 3\4 av garden, medan Apostelkyrkja stod
som eigar av 1\2 laup smør. Lasse
heitte leiglendingen på Vidme i 1560-åri. Han er den fyrste Vidme-bonden me
kjenner namnet på. Berekvam: Det
blir meint at namnet er ei samansetjing av "bera" (bjørnebinne) og
"hvammer" (stutt dal) og at gardsnamnet opprinneleg må ha vore
"Beruhvammr". Dei elste skrivne formene som er funne er: Berrequam
(1600), Berrekuam (1603) og Berequam (1667). I landskommisjonen sitt register frå
1661 og i dei seinare matriklane finn me desse namneformene: Berrequamb (1661),
Berrequam (1667), Bereqvam (1723), Bereqvamm (1838) og Berekvam (1890) dette er
no namneformi for garden. Slektsnamnet vert skrive Bergkvam. Den
fyrste Berekvamsbonden som me kjenner namnet på, er Gulbrand. Han styrte garden
frå 1600-talet, eller litt før - fram til omlag 1617, og må difor vera fødd
i 2. helvti av 1500-talet. Berekvam
var såleis den største av dei tre gardane der oppe. No er det ikkje nokon som
driv med husdyr på Berekvam.
|