Blomheller (tilbake)
Blomheller haldeplass: Blomheller
haldeplass ligg 458
m.o.h. Det er 8,4 km. til Myrdal og 11,8 km. til Flåm. Garden
Melhus ligg ved Blomheller. Grunnen til at haldeplassane ikkje heiter
Melhus, er at ein haldeplass i Trøndelag heiter Melhus. Garden
Melhus: Melhus
er ein gard med to bruk. Eit til kvar familie. Dei som budde på det sørlegaste
bruket, flytta ned i dalen på midten av 60-talet p.g.a. rasfare. På
Melhus er det ganske flatt, men garden ligg i ein trong del av dalen.
Rundt garden er det mykje lauvskog. Sidan det er trongt i denne delen av
dalen var det vanskeleg å ha kyr. Geiter og sau høvde derimot ypparleg.
Dei hadde og litt
gris og høns. Jakt var ein viktig del av livnæringa på garden.
Dei jakta på reinsdyr, rype og hare. Elg og hjort kom ikkje før for
20-30 år sidan. Slik husa er sett opp på Melhus vert kalla klyngjetun,
fordi bruka/husa låg i klyngjer. Grunnen var at dei ville spara på
innmarka, eller setje husa utanfor rasfare. 8. august 1963 vart eigaren av
det eine bruket påkøyrd og drepen av toget då han, mora og tenestejenta
skulle køyra heim på ein dresin. Etter dette var bruket berre i bruk ein
vinter til. Det andre bruket vart truleg fråflytta i 1967. No er garden
ute av drift, men deler markene vert slegne kvar sommar. Hadde ikkje dette
vore
gjort hadde garden vore attgrodd. Stølar
til garden: Garden
Melhus har hatt fleire stølar. Fram til 1939 var stølen Hovden i bruk.
Der var det to sel, eitt til kvart bruk. Hovdali var eigentleg ein gammal
gard, men grunna vanskeleg tilgang, vart garden seld til Melhus. Det var så
vanskeleg å koma ned frå Hovdali at dei måtte laga ei renne av greiner
for å få hesten ned. Dei la hesten på sida og drog han ned renna.
Fjellstøl hadde dei på Upsete der dei reiste opp etter dei hadde vore på
vårstølen Hovden. Dei foredla alt sjølve på stølane. Ost, smør og rømme
vart laga av mjølka. Mjølka vart lagra i mjølkespann. Utvandringa
til Amerika: I
tida 1860 –1903 utvandra 26 personar frå Melhus til Amerika. Grunnen
var at dei søkte etter betre livsvilkår i Amerika. Dei små bruka kunne
ikkje livberga så mange personar. Trodlaskreao: Trodlaskreao
(trollskredet) er den største årlege snøskreda i Nord-Europa. Snøskreda
er ofte så kraftig at den slær opp att på andre sida av dalen. Banevaktarbustadane: Banevaktarbustadane
vart bygd i 1926. Dei vart laga for banevaktarane og familane deira. Det
var to leilegheiter i kvart hus. I 1930, då Flåmsbana var under bygging,
flytta det anleggsfolk inn. Banevaktarane flytta inn i 1940. Dei har stått
tomme sidan 1970. No er husa selde til privatpersonar. Du kan sjå
banevaktarbustadane frå stasjonen, dei er raude.
|