Myrdal (tilbake)

Opplev Flåmsbana - den utrulege togreisa mellom høgfjellstasjonen Myrdal på Bergensbana ned til Flåm stasjon heilt inst i Aurlandsfjorden.

Denne spanande jarnbanestrekninga trekkjer kvart år til seg menneske frå heile verda. Flåmsbana gir deg norsk fjellnatur på det villaste. Du vil sjå fossar som kastar seg utfor bratte fjellsider med snødekte toppar og fjellgardar som klamrar seg fast i bratte skråningar.

Nedst ligg Flåm som er siste stasjon på Flåmsbana. Her kan du nyte eit vakkert naturlandskap med høge bratte fjell, og du kan beundre den flotte Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, den lengste fjorden i verda.

Myrdal er den siste og øvste stasjonen på Flåmsbana. Myrdal stasjon ligg ved Bergensbana, og vart bygd i 1906. Stasjonen ligg på 866 m.o.h. og det er 20 km til Flåm.

Toget bruker omlag ein time på den 20 km lange strekninga, gjennom 20 tunnelar på til saman seks kilometer. Heile 18 av tunnelane er drivne ut for hand.

På Myrdal budde det mykje folk i anleggsperioden då Flåmsbana vart bygd. Det var folkeskule i eige skulehus og ungdomshus var her og.

Før Bergensbana vart bygd var Myrdal ein støl til Berekvam.

Rallarvegen:

Kvart år er det meir enn 20 000 syklistar som syklar Rallarvegen frå Finse til Flåm. Og minst 20 000 fotturistar.

Flåm Utvikling arrangerer det etterkvart kjende Rallarløpet kvar haust. Løpet går frå Flåm Skule til Vatnahalsen og er inndelt i fleire klassar. Sjå info på www.flaamsbana.no

Myrdalssvingane:

Myrdalssvingane vart bygd for å frakte materiell og utstyr til Bergensbana. Før Flåmsbana kom frakta dei post med hest og kjerra i Myrdalssvingane. Tidlegare var Myrdalssvingane anleggsveg til Flåmsbana, men no er det sykkel og gang veg.

Fyrst var det meininga at Bergensbana skulle gå gjennom Ugjersdalen og det vart bygd veg dit. Seinare ombestemte dei seg og bygde den om Myrdal.

Du kan gå frå Myrdal og bort til ein dal som heiter Ugjersdalen og vidare ned til Kårdalen. Mest vanleger turen ned  myrdalssvingane. 

Kjosfossen kraftstasjon:

Kjosfossen kraftstasjon vart bygd i 1951 og ligg 670 m.o.h. Den er 4,4 km frå Myrdal og 15,8 km frå Flåm Stasjon.

Ved Kjosfossen finn vi den vidgjetne Kjosfossen, og Kjosfossen kraftstasjon, som leverer kraft til bana. 

 

(tilbake)