Vatnahalsen (tilbake)
Vatnahalsen
haldeplass: Vatnahalsen
haldeplass vart bygd i 1940 og ligg 811 m.o.h. Haldeplassen ligg 1 km frå
Myrdal og 19 km frå Flåm stasjon. Den er ubemanna. Flåmsdalen: Flåmsdalen
er ein 18km lang og trong dal i Aurland kommune (Sogn
& Fjordane). Den strekker seg frå botnen av Aurlandsfjorden innover
bratte fjell og topper til Myrdal stasjon, som er ein av stasjonane ved
Bergensbana. Ved
fjorden er dalen open og har veldyrka jord. Oppover dalen er busetnadane
spreidd. Gjennom Flåmsdalen renn Flåmselva. Frå Myrdal stasjon, som
ligg på Bergensbana og ned til Flåm stasjon som ligg i Aurlandsfjorden,
ein arm av Sognefjorden er det 20,4 km. Bana vart påbyrja 1922-23. Den vart opna for
dampdrift i 1942 og elektrisk drift i 1949. Største stigning på Flåmsbana
er 55% eller 1m på 18m. Det er 21 tunnelar på Flåmsbana og ein av dei
er ein såkalla vendetunnel. Flåmsbana får som nemnt elektrisk straum frå
Reinungavatnet. Rallarvegen: Rallarvegen
er ein 80km lang sykkelveg frå Haugastøl – Finse – Hallingskeid om
Vatnahalsen til Flå, i tillegg kjem 43 km på vestsida
av Gravhalstunnelen frå Upsete ned Raundalen
til Voss. Men det er vel eigentleg turen frå Finse til Flåm folk
reknar som Rallarvegen. Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke. Når
du går eller syklar Rallarvegen vil du heile tida ha kontakt med
Bergensbana som vart opna i 1909. Langs vegen vil du og oppleve fleire
verneverdige bygningar og vaktarbustader. Desse er for det meste er eigd
av NSB, og skilta med namn og byggeår. Vatnahalsen: Vatnahalsen
Høgfjellshotell vart bygd i 1896 av Dr. Fretheim. Hotellet vart bygd som
sanatorium, men det vart nytta som overnatting i samband med bygginga av
Bergensbana fram til 1909. Tidleg på 1900 talet fann utanlandske turistar
vegen til Vatnahalsen Høgfjellshotell. Det fyrste hotellet på
Vatnahalsen, som vart bygd i ein nydeleg sveitserstil, brann ned under
krigen. Det vart bygd opp eit nytt hotell i 1953, og det kom eit tilbygg
til dette hotellet i 1970. Det kom endå eit tilbygg i 1979. I
dag har Vatnahalsen Høgfjellshotell 41 rom med 76 overnattingsplassar.
Hotellet har matsal, seminar/kurslokale, grøn salong, dansesalong,
biljardrom, tv-salong, bar, badstue, utandørs salong og utandørs
symjebasseng. Reinungavatnet
som ligg på Vatnahalsen forsyner Flåmsdalen med vatn, og er grunnlaget for Flåmsbana.
|