Flåm er turiststaden framfor nokon. Her er det yrande liv frå tidleg på våren til seinhaustes.....


R Six til kai i Flåm Hamn på Jomfruturen sin onsdag 12.07.2000
Flåm
er nest største soknet av fire i kommunen. Inntil Bergensbana opna i 1909, var
Flåm ei nokså isolert jordbruksbygd. Vegen opp Flåmsdalen (bygt 1898) var både
transportveg for jernbanebygging og postveg 1909-1940.
Etter
20 års arbeid rulla første toget på Flåmsbana i 1940. Fretheim Hotell vart
bygt i 1890-åra. Etter kvart tok turisttrafikken seg opp. Dei siste somrane har
fleire tusen menneske sykla Rallarvegen frå Finse til Flåm. I 1997 hadde Flåm
besøk av over 70 cruise-skip og 333.287 reisande med Flåmsbana. Høgste tal
reisande med bana var i 1994 med 379.625.
Dagsrekorden har vore oppe i nær 7000 på ein dag.