Gudvangen er innfallsporten til bygda vår når du kjem frå vest.....

Gudvangen
har gjennom århundre vore ei jordbruksbygd. Men staden har sidan sist på
1800-talet også vore ein handels- og gjestgjevarstad. Her kom kai i 1865.
Tinghus frå Dyrdal vart på 1870-talet flytt hit inn og sett opp att som
hotell/anneks. Det kom i stand dampskipsruter på fjorden heilt til Bergen. Det
tok ca. 24 timar å koma dit. I dag tek det 4 timar.
Frå
sist på 1800-talet har turistskipa vore eit kjent syn på Nærøyfjorden. Turen
til Stalheim gjekk med hest og vogn, og desse måtte det vera mange av.
Fjellsidene
opplever folk å vera nærmast loddrette. Her strekkjer dei seg opptil 1400
meter over sjøen. Om vinteren går snøskredene med stor kraft. Men folk kjende
området og plasserte husa på dei trygge stadene.
Bøndene
her har stølane sine oppå desse høge fjella. På den andre sida ser me ein
foss som stuper utover fjellkanten. Fossen heiter Kjelfossen og fekk namnet sitt
då ei budeie miste ystekjelen sin utfor kanten. Ho hadde sett kjelen i grova og
vart for seint merksam på at vatnet steig. Kjelen flaut opp og følgde med
utfor fjellkanten.
I 1991 vart Gudvangatunnelen (11,4 km) opna, slik at stamvegen mellom Bergen og Oslo då var eit heilårssamband utan ferje.