Sinjarheim (tilbake)

Sinjarheim

Sinjarheim ligg høgt og fritt på eit høgdedrag på nordsida av Aurlandsdalen, om lag 2 timars gange frå Vassbygdi. Rundt garden er det gjel, juv og brusande fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnadane er dramatiske, har det lenge budd folk på Sinjarheim.

Tunet ligg på ein stad som er trygg for ras. Det er ei husklynge på 6 hus og ei lita turkestove for korn bak husa. Med unnatak av stovehuset og kårstova, er alle husa bygde av materialar frå staden. Stovehuset er bygd av tømmer som vart frakta over fjellet frå Norheimsdalen ytst på neset mellom Aurlandsfjorden og hovudfjorden. Det var omkring 1830.

Restar av eldre bygningar har det ikkje vore mogeleg å finna. Løa og fjøset er for ein stor del bygd av gråstein. Fjøset og eldhuset er for ein stor del gravne ned i bakken, og har eit nesten førhistorisk preg der det står.

I 1922 flytta dei fastbuande ned til Vassbygdi og garden vart berre nytta til støl fram til 1964.. Bygningane vart lite haldne vedlike, og forfall gradvis.

I 1987 heldt kårhuset på å falla ned avdi grunnmuren under nordre delen av huset hadde rasa ut.Låven var nesten ein ruin utan tak, og fjøstaket, med gavl mot dalen, heldt på å ramle ned.

Historie

Dei fyrste sikre kjeldene om gardsdrift er frå 1600-talet, men me trur det har vore gardsdrift her før svartedauden på 1300-talet. Me er nesten sikre på at det budde folk her tilbake i den tida då det var like viktig å jakta på rein som å drive jordbruk.

I 1869 var åkerarealet på 11,5 mål. Dette gav store avlingar, men kravde mykje arbeid.

Garden var i konstant drift fram til 1922, men vart då som nemnt fråflytta som siste garden i Aurlandsdalen. Han vart framleis nytta til stølsdrift fram til 1964.

Namnet Sinjarheim kjem mest truleg frå det særeigne og imponerande utsynet frå garden.

Sinjarheimsgalden vart utskoten i 1860-åra og gjorde det framkommeleg for kløvjing og husdyr. Før det måtte dei ta lange omvegar om Almabrui opp til Vetlestølen over Teigen og Bridlebrui, eller om Stondalen og opp berget over Hovdungo og vidare over Teigen.

Restaurering

Den første ombygginga kan ha skjedd i 1878 samstundes som stoverommet vart måla med figurdekorasjonar.

I988 vart det teke initiativ til dugnadsarbeid på Sinjarheim for å redde bygningane i tunet. Med økonomisk støtte frå Aurland kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Oslo Energi og forsvaret, kunne 20 friviljuge personar sette i gang arbeidet. Sidan den tida har dugnadsinnsatsen vore årviss, og det verneverdige tunet på Sinjarheim er redda frå det tiltakande forfallet. Fortidsminneforeningen frå Bergen har restaurert dei gamle husa på Sinjarheim. Dei som har drive restaureringsarbeid har sett på dette som ein ferie. Lønn har dei ikkje fått, men mat og mykje frisk luft.

Sogn Jord- og Hagebruksskule kom med i arbeidet på Sinjarheim i 1992. Landskapet rundt gardshusa var i ferd med å gro att med tyrihjelm, bjørk og or. Skulle ein halde landskapet ope, burde Sinjarheim bli brukt til støl igjen.

Stølsdrift på Sinjarheim

I første omgang ville ein prøve stølsdrifta i eit år. No er dette vorte årvisst. Elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule er her oppe tre veker kvar sommar frå månadsskifte juli/august for å læra stølsdrift på gamal vis. Med seg har dei tre kyr og 60-70 geiter som kvar morgon og kveld vert mjølka for hand.

Av mjølka ystar dei brunost og kvitost. Maten vert kløvja med hest slik det vart gjort i gamle dagar. Om våren må ein passe på at ein har nok brensel sidan det går med mykje ved til ystinga.

Eigar av Sinjarheim er Inge Olai Sønnerheim.

 

Sinjarheim

Sinjarheim is about a 2-hour walk from Vassbygdi. The first historical sources on Sinjarheim can be traced back to around the 17th century, although there are good grounds for believing there was a settlement here long before the Black Death ravaged Norway in the middle of the 14th century.

The farm was permanently inhabited up until 1922, and was used for summer alpine grazing up until 1964. Summer grazing started once again here at the farm in 1992, thanks to a project started by students from Sogn Jord- og Hagebruksskule [Sogn Agricultural and Horticultural College].

The farm was renovated in 1988. The restoration work on the farm was carried out by volunteers, whose only payment was fresh air and free food!

 

Sinjarheim

Sinjarheim liegt ungefähr zwei Wanderstunden von Vassbygdi entfernt. Die ersten historischen Spuren von Sinjarheim stammen aus der Zeit um das 17. Jahrhundert, aber es gibt Anzeichen dafür, dass hier schon lange vor 1350, als die Pest wütete, Menschen angesiedelt waren.

Der Hof wurde bis 1922 ganzjährig bewirtschaftet. Dann wurde er bis 1964 als Alm benutzt. 1992 begann man erneut, im Sommer auf dem Hof Almwirtschaft zu betreiben. Initiatoren dieses Projekts waren Studenten der Sogn Landwirtschafts- und Gartenbauschule.

Der Hof wurde 1988 restauriert. Die Restauration wurde von Freiwilligen durchgeführt, deren einzige Bezahlung frische Luft und kostenlose Verpflegung war.

 

Sinjarheim

La ferme de Sinjarheim est située à environ 2 h de marche de Vassbygdi. Les premières sources historiques mentionnant Sinjarheim remontent au 17e siècle, mais il est probable que l’endroit a été habité longtemps avant la Peste noire du milieu du 14e siècle.

La ferme est restée habitée jusqu’en 1922. Jusqu’en 1964, elle a servi d’alpage. En 1992, elle a repris son activité d’alpage l’été, sous l’impulsion d’étudiants de l’école d’agronomie de Sogn Jord- og Hagebruksskule.

La ferme a été restaurée en 1988. La remise en état a été effectuée gratuitement par des bénévoles qui considéraient l’air pur et la nourriture comme un salaire suffisant.

 

(tilbake)