Vassbygdi (tilbake)

VASSBYGDI

Aurlandsdalen er ein vakker dal som strekkjer seg frå Vassbygdi og går syd-austover til Østerbø og vidare opp til Geiteryggen. Dalen er prega av ein unik natur med den kjende Aurlandselvi rennande forbi. Frå Vassbygdi, som ligg 50 m.o.h., er det ein høgdeskilnad på 770 m opp til Aurdalen som ligg 820 m.o.h.

Vegen opp til Aurdalen er om lag 20 km lang, og turen tek om lag 6 timar å gå utan for lange kvilepausar. På denne vakre turen passerer ein fleire velkjende naturperler, mellom anna 10 nedlagde gardsbruk; Almen, Sinjarheim, Teigen, Skorsgarden, Berekvam, Holmen gard (i dag kalla Heimrebø), Nesbø, Vikaneset, Aurviki og fire nedlagde gardsbruki Aurdalen.

Den siste garden som vart fråflytta var Sinjarheim i 1922. Vekstsesongen på Sinjarheim var i gamle dagar kort og hektisk. Det hende at kornet fraus eller ikkje vart moge. Fekk ein fleire slike uår etter kvarandre kunne det vera hardt å koma gjennom vinteren.

På Sinjarheim er husa i god stand etter at restaureringsarbeidet starta i 1988. Husa som er her i dag, vart bygd tidleg på 1800-talet, men ein har truleg hatt busetnad her heilt tilbake til før svartedauden på 1300-talet. Sønjarheim 1212 - Sønnerimb 1603.

Elevar ved Sogn– Jord og Hagebruksskule nyttar garden til stølsdrift nokre veker kvar sommar for å lære om tradisjonell stølsdrift i gamle dagar. Med seg har dei 3 kyr og 60-70 geiter. All transport til og frå Sinjarheim skjer med hest, med sjølvsagt ber elevane litt på ryggen òg!

Nedlagde gardsbruk er ikkje dei einaste opplevingane ein har på ein tur gjennom dalen. Me finn stader der mange folk heller vil sjå opp mot fjellkantane istadenfor sjå ned dei stupbratte skråningane. Med dette meiner vi Nesbøgalden og Sinjarheimsgalden. Ved Sinjarheimsgalden er det laga til ei line der det er mogeleg å halde seg fast om noko skulle svikta! Både Nesbøgalden og Sinjarheimsgalden er vegar som har vorte til ved hjelp av sprengstoff. Dette finn vi fleire døme på i dalen.

Det er stader der den buldrande Aurlandselva kan verka trugande der ein ruslar på den smale stien. Her bør ein heller konsentrere seg om å gå beint enn å kjenne på den pirrande magefølelsen ein har over at ein no befinn seg i elskovsdalen, der alt kan skje!!!!!

Mange har høyrt om den velkjende plassen, med det ikkje fullt så vakre namnet, Vetlahelvetet. Det er ei enorm jettegryte fylt med vatn. Her har mange segner vorte til. Døme på dette er at om ein kastar ein stein i ”Svartakjødnet” boblar det opp att i Vetlahelvetet. ”Svartakjødnet” ligg der Bjønnstigen kjem ned att til hovudstien, omlag 2-300 m frå Vetlahelvetet. Mange landskaps-målarar har ergra seg over at ein så flott plass som Vetlahelvetet skal ha eit slikt vemmeleg namn.

Berekvamsbrennevinet er ei oppleving ein bør få med seg på turen. Dette er ei vasskjelde der vatnet kjem rett ut av bakken. Vatnet held same temperatur heile året. Mange har undra seg over at ei vasskjelde kan ha eit slikt namn. Ei myte om dette fortel om ein tørst mann som gjekk dalen. Han kom til denne kjelda, som ligg på andre sida av Berekvam, og drakk òr ho. Då han tykte det kalde vatnet var så godt, uttalte han seinare at det var akkurat som brennevin. Difor vart kjelda kalla Berkvamsbrennevinet!

Villreinen er den dominerande arten i dyrelivet, men han er svært vanskeleg å koma innpå. Det er og ein del hjort i dalen. Dei held seg for det meste nede i dei skogkledde liene, der dei er godt gøymde mellom lauv og greiner. Om sommaren er det særs vanskeleg å få auge på dei. Jerv, rev, mår, røyskatt, mink og oter er andre døme på villdyr ein finn i dalføret. I gamle dagar var bjørn, ulv og jerv eit trugsmål mot bøndene, men i dag er berre jerven att.

Dei mest vanlege husdyra ein møter er kyr, oksar, geiter og sauer. Geita er avbilda i kommune-ikonet for Aurland.

Her er også mange fugleartar, og vi vil nemna kongeørna. Krinsande høgt oppe over fjell og dal er ho ikkje noko uvanleg syn.

Plantelivet i Aurlandsdalen er rikt og vekslande, takka vere den store variasjonen i landskapet, den geologiske strukturen og klimaet. Blomeelskarar gler seg over dei mange fargerike blomeartane. Raudsildra blømer tidleg om våren, og litt seinare kjem den praktfulle berglilja. Ho finn ein i store mengder. Somme år er heile fjellsider dekka av denne vakre blomen.

 

VASSBYGDI

The Aurland Valley stretches from Vassbygdi, 50 metres above sea level, to Aurdalen, at an altitude of 820 metres. A hike through the Aurland Valley takes 6 hours if you don't stop for any long breaks. There were once 20 farms here, but these have all now been abandoned. The farm, Sinjarheim, was the last farm in operation here and was still worked as recently as 1922. Sinjarheim is also the best-preserved farm following its restoration in 1988. Sogn Jord- og Hagebruksskule [Sogn Agricultural and Horticultural College] uses the farm for the college's 3 cattle and 60-70 goats, letting them out to graze the lush alpine pasture for a few weeks in the summer.

Many people have heard of ‘Vetlahelvetet’ – a natural rock formation, known locally as a giant’s cauldron, which is filled with water. One of the steepest places in the Aurland Valley is Bjønnstigen, literally 'bear path'.

There are many reindeer and a good number of deer in the valley, as well as particularly rich flora.

 

VASSBYGDI

Das Aurlandsdalen erstreckt sich vom 50 m ü.d.M. liegenden Vassbygdi bis nach Aurdalen, das 820 m ü.d.M. liegt. Für eine Wanderung durch das Aurlandsdalen muss man sechs Stunden ohne Pause berechnen. Hier liegen 20 Höfe, die alle verlassen sind. Der Hof Sinjarheim wurde am längsten bewirtschaftet, und zwar bis 1922. Er wurde 1988 restauriert und ist der am besten in Stand gehaltene Hof. Einige Wochen im Sommer betreibt die Sogn Landwirtschafts- und Gartenbauschule auf dem Hof Almwirtschaft. Auf der Alm grasen dann drei Kühe und 60-70 Ziegen.

Viele haben sicherlich von der ”Vetlahelvetet” gehört, einer riesigen Gletschermühle, die mit Wasser gefüllt ist. Eine der steilsten Stellen im Aurlandsdalen ist Bjønnstigen.

Im Tal gibt es viele Rentiere und einen guten Teil Hirsche. Das Aurlandsdalen hat eine besonders abwechslungsreiche Flora.

 

VASSBYGDI

L’Aurlandsdal joint Vassbygdi, à 50 m au-dessus du niveau de la mer, à Aurdalen, où l’altitude atteint 820 m. La descente à pied de l’Aurlandsdal prend 6 heures, pauses non comprises. Il y avait ici 6 fermes, toutes abandonnées aujourd’hui, mais Sinjarheim est restée exploitée jusqu’en 1922.

Sinjarheim est la ferme la mieux conservée après sa restauration en 1988. L’école d’agronomie de Sogn utilise la ferme comme alpage pendant quelques semaines l’été.Elle abrite alors 3 vaches et 60-70 chèvres.

La renommée de ”Vetlahelvetet” (le petit enfer) n’est plus à faire. Il s’agit d’une énorme marmite de géant remplie d’eau. Un des passages les plus escarpés de l’Aurlandsdal s’appelle Bjønnstigen (l’échelle des ours).

 

(tilbake)